Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

09. mars

Nytt frå Haram Næring og Innovasjonsforum

Næringsutvikling

Haram Næring og Innovasjonsforum (HNI) har vore aktivt involvert i arbeid med næringsstrategien til kommunen og passer på at det vert tilrettelagt for gode samarbeidsstrukturar mellom Ålesund kommune og næringslivet etter tankegang frå Haram-modellen. HNI arbeider også for tettare samarbeid mellom dei ulike næringsforeningane i kommunen.

Haramskonferansen 2021

Det vert også i år arrangert Haramskonferansen 2021 ved Ingebrigt Davik-huset. Årets tema er «Verdiskaping under ny normalitet». På grunn av den pågåande pandemien måtte vi utsette konferansen og ny dato er forløpig satt til tysdag 4. mai. Vi har eit spanande program der vi har fått med oss Statsminister Erna Solberg, både NHO og LO er på programmet. Vi vil få presentert lokale gründere som er med i Sparebanken Møre sin Næringsteft, Christian Pritchard frå Nortel kjem, Egil Haugsdal frå Kongsberg Maritime og vi får informasjon/status frå Nordøyvegen. Påmeldingsfrist er satt til 29. april. Du kan melde deg på her: https://skjema.onacos.no/alesund/skjema/skjema/ALE199/Pmelding_til_Haramskonferansen_2021

Sommerskule/sommerlab i veke 26

Det vert også i år arrangert sommerskule i regi av Forskerfabrikken. Haram Næring og Innovasjonsforum har arrangert sommerskule sidan 2013 og over 225 unge forskarar har vore innom kursa. 28. juni vert det spanande forsøk og løysing av energimysterium ved Brattvåg barneskule for elevar som skal opp i 5., 6. og 7. trinn til hausten. Det vert opna for påmelding i april.

Næringsutvikling på nordøyane

Haram Næring og Innovasjonsforum arbeider med å legge til rette for næringsutvikling på nordøyane i samarbeid med Ålesund kommune. Det er mykje spanande på gong både innan reiseliv/turisme og produksjonsanlegg og vi ser fram til at dette vert realisert.

Uttale

Haram Næring og Innovasjonsforum har kome med ein uttale angåande behov for hurtigbåt etter at Nordøyvegen er realisert. Dette er ei støtteerklæring til Store Kalvøy Vel og uttalen er sendt til Fylkeskommunen og Ålesund kommune. 

Kontaktinformasjon:

Ønsker du å ha eit møte med HNI ta kontakt med Inger Synnøve Remme på mobil 99 42 41 39 eller e-post inger.synnove.remme@alesund.kommune.no

Har du ein ide eller ønsker å diskutere ein forretningside ta kontakt med hoppidalesund@alesund.kommune.no