Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

02. februar

​Blomsterkjelleren i Kompetanseparken

No har vi allereie vore vel fire månadar i Kompetanseparken og vi nyter å kunne ha nok plass til produksjon, kurs, lærlingearbeid, lager, kontorplass og pauserom. Denne veka er eit godt bevis på at lokala kjem godt til nytte i kvardagen, og ikkje berre til meir sesong- og høgtidsarbeid.

Vi har to lærlingar som har vel eitt år att av lærlingetida si hos oss før dei skal opp i fagprøva som blomsterdekoratørar. Denne veka har dei begge halvårsprøver, og arbeider ut ei gitt oppgåve som dei skal utføre  praktisk og dokumentere skriftlig. Seinare i veka blir desse arbeida vurdert av fagansvarleg, og av lærlingane sjølv.

I ein annan krok av lokala blir vårvarene pakka ut og gjort klar for butikksalg.

I Kompetanseparken har vi full kontroll på varelageret då der er plass nok til at det meste kan stå synleg for oss i hyller og reolar. Ved kontorplassen arbeider ein av gravferdskonsulentane med å oppdatere brosjyrer og infoskriv som vi deler med pårørande ved eit dødsfall og under planlegginga av ei gravferd. 

Planen for lokala våre framover blir å få på plass eit kjølerom for blomster og plantar. Dette vil forenkle logistikken vår, for då kan all levering av blomster kome inn dørene her og vi slepp å skralle med store traller over vegen støtt og stadig.

Alt av sorgbinderi foregår i Kompetanseparken og vi har 2-3 gravferder i veka, så lokala våre er jevnlig og godt tatt i bruk. Vårt virkefelt for gravferd er i hovedsak Haram, Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal. Byråkontor har vi i Skodje og i 2. etg av Samfjordkvartalet inntil videre.

Om du vil sjå inn til oss, er det berre kjekt!

Helsing damene i Blomsterkjelleren as