Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

13. februar

Haramskonferansen 2018

Haramskonferansen 2018 vert arrangert av Haram Næring og Innovasjonsforum i samarbeid med ÅKP og Haram kommune. Haramskonferansen har som mål å vere ein attraktiv møteplass for bedrifter. Ein møteplass for nye impulsar til inspirasjon i ein krevjande kvardag. Konferansen ønskjer å vere konkret, praktisk og nyttig.
Den maritime næringa har den siste tida vist stor vilje og evne til omstilling. Sentrale myndigheiter har støtta opp om omstillinga. Samstundes lever vi i ei tid der det vert snakka mykje om digitalisering og teknologisk omstilling. Kva meiner vi med omgrep som «det digitale skiftet»? Og korleis skal vi som samfunn og næringsliv respondere på dette? Må vi revurdere etablerte forretningsmodellar eller skape nye?
Haramskonferansen 2018 setter fokus på dette, og vi har invitert både internasjonale, nasjonale og lokale inspiratorar til å gi oss perspektiv og gode døme på omstilling i den retning. 

Dag:  Tysdag 20.02.2018
Stad: Ingebrigt Davik huset,  Brattvåg

Program

Påmelding