Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

25. august

Nytt frå Haram Næring og Innovasjonsforum

Torsdag 27.08.15 kl 18.00 arrangerer vi informasjonsmøte om Hamnsundsambandet og næringslivsinteresser. Sjå www.hniforum.no

Onsdag 09.09.15 vert det workshop for inviterte frå Nordøyane om korleis innbyggarane kan bidra til at Nordøyvegen fører til vekst og utvikling. Dette er andreworkshop som oppfølgar av folkemøta 15.juni på Haramsøya og 22. juni på Harøya, og er i regi av Telemarksforsking.

Onsdag 16.09.15 arrangerer vi rådgjevarsamling hos VARD Søviknes i samarbeid med Maritimt Forum Nordvest og Møre og Romsdal Fylkeskommune for å skape kunnskap om maritim industri og kompetansebehov i framtida.

Fredag 18.09.15 arrangerer vi kurs i bruk av sosiale medier som arbeidsverkty. Kursleiar er høyskolelektor Cecilie Staude frå BI. Stadig meir informasjon vertformidla i sosiale medier, og korleis kan dette nyttast på ein god måte. Korleis unngå negativ verknad?

I veke 36 startar vi arbeidsretta språkopplæring for Pharma Marine AS og omsorgseiningane i Haram kommune. To kurs for å utvikle språkopplæring som er tilpassa arbeidsoppgåver og arbeidsplass, og som kan tilpassast kurstilbodet ved Vaksenopplæringa i Haram kommune. Geir Breivik er kursansvarleg saman med leiar Ove Røv på Vaksenopplæringa og Guttorm Ulla i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Guttorm Ulla
Dagleg leiar
Haram Næring og Innovasjonsforum
www.hniforum.no