Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

22. juni

Nytt frå Haram Næring og Innovasjonsforum: Innovasjonscamp, Nordøyvegen, Ny Facebook side, Forskerfabrikken, Nettverksmøte

Innovasjonscamp på Brattvåg ungdomsskule i veke 23
For første gong hadde Brattvåg ungdomsskule innovasjonscamp i veke 23. Det var 10. trinn med 9 grupper og 45 elevar som skulle ha oppdrag og rettleiing frå bedrifter. Fredag vart resultata presentert, og vinnarar kåra. Sparebanken Møre stilte med premiering av dei tre beste produkta. Vi takkar bedriftene for flott innsats, og ikkje minst elevane gjorde det bra og fekk ros frå bedriftene. 

Nordøyvegen
HNI har følgt godt med i utviklinga frå håp til sjokk til nytt håp for prosjektet som betyr så mykje for regionen vår og bedriftene her. No ser det ut til at avtalen med Vegdirektoratet om stigningsgrad i tunnelane fører til at framdrifta vert sikra. Sjå og heimesida vår www.hniforum.no og facebooksida.

Ny facebookside for HNI
Vi har opna facebookside for å nå ut med informasjon om aktiviteten i forumet, men og for å få vist fram positive hendingar i næringslivet i Haram. Gå gjerne inn og lik sida vår og følg med, for vi kjem med oppdatering jamnleg!

Forskerfabrikken
I veke 26 arrangerer vi forskerfabrikk på Brattvåg barneskule for fjerde gong. Temaet i år er «Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden». Spennande og konkret læring for 26 barn som neste år skal i 5. , 6. og 7. klasse. Sponsorar er Nogva Motorfabrikk AS og Rolls Royce Marine AS i Brattvåg. Sjå www.forskerfabrikken.no og oppdateringar på facebooksida vår.

Nettverksmøte i TafjordEnergiArena
Tysdag 24.05.16 arrangerte Haram Næring og Innovasjonsforum nettverksmøte i TafjordEnergiArena i samarbeid med Tafjord Marked. TafjordEnergiArena Haram er eit program for systematisk og målretta arbeid for energiøkonomisering i eit nettverk av bedrifter i Haram. Sjå meir på www.hniforum.no