Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

28. mars

​Brimer ISO 9001:2015-sertifisert

Like før jul vart Brimer ISO-sertifisert av KIWA Teknologisk Institutt. ISO 9001:2015 er verdas mest anerkjente standard for kvalitetsstyring. ISO-standarden er basert på desse 8 prinsippa:

• Kundefokus
• Leiing
• Medarbeidaranes engasjement
• Prosessorientering
• Systemorientering
• Kontinuerlig forbetring
• Faktabaserte slutningar
• Partnarskap med leverandørane

ISO 9001:2015-sertifikatet stadfestar at vi i Brimer aktivt jobbar for å innfri dei høgaste krava til kundetilfredsheit og kvalitet.

Fordelane ISO-sertifikatet gir er mange. I fleire og fleire samanhengar i arbeidet mot kundane våre er det eit krav at vi anten er sertifisert, eller i det minste arbeidar i henhold til ISO 9001:2015. Vi forventar no at sertifiseringa vår kan gi økt kundelojalitet og auke gjenkjøpsgrada ved å møte kundens krav og forventningar. Vidare vil ISO-sertifiseringa legge til rette for, og gjer oss i stand til å jobbe smartare og spare både tid, pengar og ressursar. Og ikkje minst forventar vi å redusere feil og auke fortenesta ved å forbetre og effektivisere prosessane våre. 

Vi håper også at vi med dette, på ein enda betre måte, kan motivere og engasjere medarbeidarane med tydelege og effektive internprosessar, til glede både for vår konkurransekraft, våre tilsette og våre kundar.