Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

12. januar

Haramskonferansen 2015

Haram Næring og innovasjonsforum gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til Haramskonferansen torsdag 12. februar 2015 på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.

-matnyttig på kontraktsnivå

-nyttig og viktig møteplass

Besøk www.hniforum.no for påmelding. Påmeldingsfrist 03.02.15

Årets Haramskonferanse byr på:

Åsgard Subsea Compression Project. Kva har skjedd sidan 2014? Informasjon om vidare utvikling og erfaringar. Representantar frå Statoil, Aker Solution, FMC Technologies og Subsea 7 vil dele sine utfordringar og erfaringar og presentere resultat og teknologi. Gjennom sine foredrag vil selskapa påny utfordre deltakerane og næringslivet vårt ved å beskrive behov dei har for nye fartøy, utstyr og teknologi.

Offshore Simulator Centre utviklar ny Subsea simulator i samarbeid med Statoil. Eit viktig tiltak for sikre og effektive operasjonar på havbotnen. Gjennom denne skal operatørane få nødvendig trening i avanserte operasjonar på Åsgard. Simulatorteknologien gjer det muleg å opptre med erfaring og sikkerheit frå første forsøk når det verkeleg gjeld. Dette vil bety eit kvantesprang for forutsigbarheit og risikoreduksjon. OSC presenterer teknologimuligheiter og tankar kring vidare utvikling.

Lokale utviklingsprosjekt er aktuelle i år også. Arne Tande presenterer status og planar for konkurransestyrking av regionale leverandørar gjennom samarbeid og etablering av ny virksomheit for robotisert produksjon.

GCE-status (Global Centre of Expertise) til den maritime klynga. Per Erik Dalen, daglig leder i Åkp AS presenterer framtidsmuligheiter gjennom ny status. Kva muligheiter og betydninga dette har for regionalt næringsliv.

Ny teknologi for effektiv fangst, transport og distribusjon av energi. Eldar Eilertsen presenterer energiutvikling frå nye energikjelder med temperatur frå 0 grader Celsius. Kostnadsbesparande løysingar med grøn energi!

Konferansen er eit samarbeid mellom Haram Næring og Innovasjonsforum/Haram kommune og Industriinkubator Nordre Sunnmøre/Ålesund Kunnskapspark.

Velkommen til Haramskonferansen 2015!

Mvh

Guttorm Ulla

Dagleg leiar

Haram Næring og innovasjonsforum

www.hniforum.no

90065060