Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

18. januar

Brimer med betydeleg kontrakt med Artec Aqua til stort oppdrettsprosjekt

Brimer fekk hausten 2016 inn ei viktig ordre frå Artec Aqua som er totalleverandør til Salmobreed Salten AS, eit prosjekt med storsatsing på landbasert oppdrett.

I Oktober 2016 sluttførte Brimer si hittil største kontrakt knytt til landbasert oppdrett. Artec Aqua var totalleverandør for Cermaq sitt settefiskanlegg på Forsan i Steigen. Brimer leverte då totalt 60 ulike kar til Artec Aqua.  Prosjektledar i Artec Aqua, Andres Thyri fortel at: «Erfaringa frå samarbeidet mellom Artec Aqua og Brimer i forbindelse med dette prosjektet, beviste at Brimer er ein god underleverandør av karsystem, og prosjektet i Forsan var ei viktig erfaring i forkant av tildeling av kontraktar til Brimer for Salmobreed i Salten.»

Våren 2016 signerte Artec Aqua ein avtale med Salmobreed Salten AS om å bygge eit landbasert anlegg for produksjon av lakserogn. Kontraktsverdien er på over 300MNOK. Det nye stamfiskanlegget har fasilitetar for å halde stamfisk på land gjennom heile produksjonssyklusen og anlegget vil kunne levere rogn gjennom heile året. Heile anlegget skal stå ferdig i løpet av hausten 2018. 

Dag Davik, salssjef for oppdrett i Brimer har gleda av å annonsere at Brimer har inngått ei kontrakt med Artec Aqua om store leveransar til dette prosjektet. Davik fortel: «Brimer skal levere 16 oppdrettskar på 12m i diameter og 4m høge. Eit samla karvolum i underkant av 8000 kubikkmeter fordelt på påvekstavdelinga og avdelinga for kjønnsmoden fisk. I tillegg skal vi levere 21 CO2 luftingseiningar. Kara og CO2-luftarane er alle designa og produsert på Sunnmøre og då i fiberarmert plast. Prosjektet skal leverast til Salten i løpet av året og skal både monterast og ferdigstillast der av vårt prosjektteam.»

Dagleg ledar i Brimer, Håvard Haanes uttalar: «Dette er ei stor og svært betydeleg strategisk kontrakt. Arbeidet på Kvamsøy eller allereie igangsatt og vil gi betydeleg aktivitet i fabrikken i tida framover.»

Dag Davik avslutta med å sei: «Det å få på plass ei ny stor strategisk kontrakt innan landbasert oppdrett no like i etterkant av Forsan-prosjektet blei avslutta er ei stor fjør i hatten for oss. Vårt sals-team, med Jarle Støylen i spissen, har jobba målretta med ei satsing inn mot oppdrettsnæringa i lengre tid, og no haustar vi resultatet av det arbeidet. Vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med Artec Aqua og Salmobreed i dette prosjektet.