10. februar inviterer Haram Næring og Innovasjonsforum til Haramskonferansen 2016. Det er fjerde året vi har denne konferansen og årets konferanse har tema: Skiftande tider. Vi har i år delt konferansen inn i 3 tema; Rammevilkår, Offshore og maritim, Fiskeri og havbruk. Vi har fått god tilbakemelding på programmet og vi har per i dag 115 påmeldte. Næringsminister Monica Mæland kjem og vil halde foredrag om «verkemiddel i ei omstillingstid». Vi har ei grense på 160 deltakarar, så her er det først til mølla.