Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

28. mars

Nytt frå Haram Innovasjon og Næringsforum (HNI)

Haram vgs vann Ocean Space Race i modelltanken i Trondheim i konkurranse med 34 andre lag frå heile Norge. I faget Teknologi og forskingslære kombinerer dei realfag med båtbygging i samarbeid med VARD Brattvåg. Og det er ikkje første gongen elevar frå HVS vinn løpet!

HNI deltok på rådet for Region Ålesund – ei samling fredag 10.03.17 for å kome med innspel til kommunane i regionen om korleis vi kan utvikle ein sterk region i fellesskap, og med samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Haram kommune v/ HNI har reforhandla avtalen med Ungt Entreprenørskap om entreprenørskapsløype for alle elevar i skulane i Haram. Vårt lokalsamfunn, Sikk Sakk Europa, Økonomi og karriereval, Jobbskygging, elevbedrift og Innovasjonscamp er aktivitetane.

HNI har starta arbeidet med portal for at bedrifter skal finne oppdrag med Nordøyvegen. Portalen skal syne kva oppdragsgjevarane har behov for og lokale bedrifter kan registrere seg med informasjon om seg sjølve og kva dei har å tilby. Ta kontakt om du har idear til innhald.

Måndag 13.03.17 hadde HNI utvida medlemsmøte på Eidet Omsorgssenteret, eit av landets mest innovative bygg. 23.03.17 var det storinnrykk på Open dag. Stort engasjement.

Haram Innovasjon og Næringsforum er med på laget i Tafjord EnergiArena. Samling var på Sjøholt 23. mars for bedrifter som er opptatt av energisparing. Ta kontakt om du er interessert.