Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

03. september

Blomsterkjelleren AS utvidar med samtalerom

Blomsterkjelleren har no vorte leigetakar av kontor i 2 etg i tillegg til verksted/kontor i 1. etg.

Det nye kontoret skal brukast som samtalerom mellom gravferdskonsulent og pårørande i planlegginga av gravferd.
Når vi treff pårørande etter eit dødsfall, er det mange som synest det er greitt å få møte oss på ein nøytral stad utanfor heimen. Kontoret i 2 etg høver godt til dette, men det vil variere veldig med kor ofte vi kjem til å vere der.
I hovedsak vil vi vere der på dagtid, men det kan også vere ulike ynskjer her.
Vi er tre gravferdskonsulentar som vil nytte rommet: Terese Nesvik Otterlei, Janette Aulstad og Anne Kristi Uhlen.

Mvh
Terese Otterlei
Blomsterkjelleren AS