Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

30. august

Blomsterkjelleren AS med blomsterverkstad og lager i Kompetanseparken

Blomsterkjelleren har flytta inn i Kompetanseparken med blomsterverkstaden og lageret sitt. No kan vi endelig boltre oss i store nok lokale, og ser ikkje svart på julestria og utlevering av julekolleksjonen til private, større og mindre bedriftskunder. 

Vi har mykje sorgbinderi gjennom heile året for gravferdsbyrået vårt som har arbeidsfelt i Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje og Haram og litt i Ålesund. Arealet i Kompetansesenteret er for oss tilsette no i første omgang, så får vi sjå om dette og kan gjerast teneleg som samtale/pårørandekontor etterkvart. Blomsterkjelleren har to lærlinger, ei tilkallingshjelp og bud, to deltidstilsette og tre gravferdskonsulentar/dekoratørar. Vi ser fram til tida som kjem og gleder oss over å ha komt oss inn i "kjelleren"

Helsing
Terese Otterlei
Dagleg leiar
Blomsterkjelleren AS