Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

15. desember

​HARAMSKONFERANSEN 2015 – Sett av datoen 12.02.2015

Statoil fortalte i fjor om planar, og i år vil dei presentere kva som er gjort og kva muligheiter som finst for den maritime industrien i prosjektet.


Utstyr og installasjonar vert vist av Aker Solutions, FMC Technologies og Subsea 7. Lokalt har Offshore Simulator Centre AS oppdrag med dokumentasjon og trening for avanserte maritime operasjonar. OSC AS vil presentere dette, og vise kor viktig oppdraget frå Statoil er for vidare utvikling av selskapet.

Arne Tande er i ferd med å realisere prosjektet «Robotisert og automatisert fabrikk med læringsarena» - eit samarbeid mellom bedrifter. Kva er status, og kva er planane vidare?

Eldar Eilertsen vil presentere eit nytt prosjekt «HET – Hybrid Energy Technology» som handlar om varme- og kuldetransport.

Tildeling av GCE-status har gitt regionen nye mulegheiter for utvikling. Korleis vil GCE- statusen bidra til det?

Invitasjon vil bli send ut andre veka i januar.

Vel møtt til Haramskonferansen 2015!

Mvh

Guttorm Ulla
Dagleg leiar

Haram Næring og innovasjonsforum

www.hniforum.no

90065060