Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

09. mars

Nytt frå Blomsterkjelleren

2020 var eit annleis år også for oss i Blomsterkjelleren.

For akkurat eitt år sidan måtte vi permittere tre tilsette i vel ein månad, då alt
brått stoppa opp. Det var så å seie folketomt i butikken, så det var begrensa med sal fram til påske 2020. Med tre permitterte og nokre ute i påskeferie, fekk vi oss litt av ein bakoversveis, vi som
var att. 
Nettordrane og mailane tikka inn og veldig mange ville benytte seg av tilbodet om utbringing av blomsterhelsingar – med ønske om god påske, men håp om at vi sjåast snart igjen, nokre med karantenehelsingar,  savner deg helsingar m. m. 
Vi køyrde blomster i 2-3 timar etter stenging. Dette var vi sjølvsagt veldig glad for. No fekk vi tatt att noko av det tapte, og med meir normalisering etter 5-6 veker så var vi alle mann i arbeid igjen. Det har vi vore sidan den tid, men merker at det går veldig i bølgedalar med både sal, dødsfall og besøk i butikk.

Vi venter spent på nye restriksjonar eller meir positive endringar stadig vekk.

For oss i gravferdsbransjen er det også mykje å ta hensyn til. Det blir begrensa med tillatt gjester i gravferd, ein skil mellom antalet om det skal vere felles sang eller berre forsangar, ein blir tilrådd bruk av munnbind, ein får tilviste sitteplassar, ein har smittevernliste over frammøtte, det er sjølvsagt mykje spriting av hender og handtak og benker m m. Dette samarbeidet med kyrkja har gått Veldig fint, og pårørande skjønar at dei må forhalde seg til det, sjølv om det kan vere vanskeleg å «velje» ut kven som skal få tal del eller ikkje i gravferda til deira næraste.

Blomsterkjelleren håper på betre tider framover, i alle fall, til påske/til ferien, og vi sluttar oss til :
ALT SKAL BLI BRA IGJEN!

Du kan nå oss heile døgnet på tel. 92 23 41 15 eller på e-post post@blomsterkjelleren.no

Terese Otterlei
Dagleg leiar
Blomsterkjelleren AS