Nytt 2023

Nytt 2022

Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

12. juni

Nytt og oppdatering frå Blomsterkjelleren

Hjå oss er det full fart med blomsterbinderi heile veka.
Sorgbinderi er hovedarbeidet vårt her, men vi har også hatt mykje konfirmasjonsbestillingar frå slutten på april til juni. No er det bryllaupsblomstersesong. 2023 ser ut til å bli eit år med mykje bryllaupsfeiring rundt omkring. Vi skal levere blomster til bryllaup både her i nærområdet, Ørskog, Skodje og Geiranger – både i vår, sommar og til hausten.

Juli og ferieavviklinga er alltid spennande når vi arbeider i ein bransje der mykje av det vi held på med innan gravferdsbransjen er lite forutsigbart. Men vi satsar på det skal gå greitt, og så blir det kvar sin gong både å ha det ekstra hektisk og det å ha late feriedagar.

Den 16. – 18. juni blir det Myldredagar i Brattvåg, og Blomsterkjelleren skal gjere sitt til at dette skal bli ein kjekk ”happening”. Vi skal ha stand og gode tilbod på aktuelle varer for sommersesongen.
Vi skal også stå for litt scenepynt og bordpynt i kafeteltet.

Laurdag 1.juli 2023 har Blomsterkjelleren 10 års jubileum i Brattvåg. Dette vil vi markere med ulike tilbod, aktivitetar og servering frå fredag den 30. juni til laurdag 8. juli.

Ålesund kommune er demensvennleg kommune, og vi i Blomsterkjelleren har no blitt godkjent demensvennleg butikk etter at alle tilsette har gjennomgått eit enkelt nettbasert kurs i dette temaet.

Dette for å vere meir førebudd og meir kjent med den problematikken menneske med denne diagnosen, som vi av og til møter i butikksituasjonen, slit med. Det kan fort bli stressande for dei i ein slik situasjon, og då er det viktig for oss å kunne fange opp kva for ståstad kunden er i, og at vi er roleg og gir ei ekstra hjelpande hand og viser at dette kan vi ordne utan at alt kjennast vanskeleg og kaotisk.
I den forbindelse vil representantar frå helseetaten kome og merke butikken vår med denne ”utmerkelsen” i nær framtid.

Elles har vi fått ny heimeside som vi håper folk vil bruke flittig. Vi har no fått inn eigen rubrikk for blomsterbutikken. Tidlegare har vi kun hatt heimeside tilpassa begravelesesbyrået. Det er særleg ved travle tider at vi håper bruken av heimeside og kontaktskjema her kan bli flittigare brukt, slik at telefonstraumen blir litt lavare og vi meir effektive.


Terese Otterlei og damene i 1 etg.