Fysioterapi er klinisk og førebyggande behandling som inngår i rehabilitering og habilitering. Behandlinga er basert på kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og aktuelle tiltak blir vald ut ifra ei klinisk undersøking. Sentralt i undersøkinga er pasienten si sjukehistorie, rørsleanalyse, samt kartlegging av pasienten sitt problem og funksjonsnivå. Saman med pasienten blir det sett mål for behandlinga. Fysioterapi brukast særlig ved muskel- og leddsjukdommar, men også ved nevrologiske og revmatiske sjukdommar, i opptrening etter kirurgiske inngrep, i rehabiliteringa etter akutte og kroniske skader og sjukdommar, samt som ein del av ei meir generell opptrening og i førebyggande arbeid. (Store Medisinske Leksikon). Fysioterapeutar bruker ulike metodar og øvingar når dei skal behandle pasientar individuelt og i gruppe. Dei gjev pasienten òg informasjon og rettleiing. Dei har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar og ein treng ikkje tilvising frå lege.

Ergoterapi handlar om å fremme helse gjennom aktivitet, og å støtte menneske i å utføre aktivitetar og delta i samfunnet. I ergoterapi brukar ein aktivitetar direkte i behandling og opptrening, og indirekte ved å leggje til rette for gjeremål gjennom tilpassing av omgjevnadar og bruk av tekniske hjelpemiddel. Ergoterapi bygger på at det er ein nær samanheng mellom aktivitetane vi utfører og helsa vår. Helseproblem kan gi avgrensing i aktivitet, og uheldig utføring av aktivitet kan gi helseproblem. Det er denne samanhengen som er utgangspunktet for all ergoterapi.


Nettside til Haram kommune Fysioterapi og ergoterapi - Haram kommune

Viviann Maridal
Avd.leder Fysio-Ergo
/Helse og Meistringsteknologi
Tlf : 483 08 427