Nytt 2021

Nytt 2020

Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

27. oktober

Oppdatert informasjon frå Blomsterkjelleren

Vi i kjelleren er no i full gang med å pakke ut julevarene til butikken i Samfjordkvartalet. 

Gjett om vi er glad for den plassen vi har her i slike tider. 

Det blir spennande med ei ny julestri, som vi gleder oss til endå vi veit at det er litt av eit kav. 

Men eit nødvendig og artig arbeid med mykje logistikk i forhold til pakking av varer til utkøyring, skriving av mange hundre julehelsingar og sikre  nok varer til alle som har spesifikke ønsker om produkt som dei meinar høyrer deira jul til. 

Vi har lagt inn ønske om at det ikkje blir for kaldt før julefreden har senka seg, for då er det så mykje mindre styr med innpakking og levering ut i felten. Alt over 5 plussgrader gjer at vi kan sette varer på trappa om kunden ikkje er heime akkurat på leveringstidspunktet. Elles  håper vi på ein frisk stab med gode joggesko klar til innsats. 

Elles kryssar vi fingrar for at det blir litt betre tider i butikkbransjen, og at vi slepp meir koronatiltak og tilbakefall. Vi har merka store svingningar i besøk i butikk det siste 1,5 året. Vi hadde nokre ute i permittering ein liten periode, men det vart vanskelig i lengda då arbeidsmengda vår innan gravferdsbransjen er varierande. 

Vi valgte å halde på tilsette så langt vi klarte, men har no redusert med ca 1 stilling. Litt frivillig avgang og litt nødvendig stillingsreduksjon. 

Vi prøver å vere godt førebudd og ligge litt framom kvar veke, så skal vi nok klare toppane i tida som kjem også. 

Ha ein fin haust og kos dokke i adventstida når den kjem. 

Terese Otterlei og damene i 1 etg.