I 2004 såg fleire aktørar behovet for å samle verksemder i eit felles næringsmiljø. Dette førte til at det vart inngått ein intensjonsavtale om samarbeid, med mål om å leggje til rette for utvikling av eit aktivt nærings- og gründermiljø i Haram, med Brattvåg som eit sentralt knutepunkt.
Etter ei tid med møteverksemd og planlegging bestemte Invi AS seg for å byggje om forretningsbygget sitt i Brattvåg og tilpasse det til den nye satsinga – Haram Kompetansepark. Denne investeringa og tilrettelegginga vart eit viktig grunnlag for å realisere planane.
I mai 2005 byrja små og mellomstore verksemder å flytte inn i lokala, og i september same året vart Haram Kompetansepark offisielt opna.