Kontorlokaler og fasilitetar!

Haram Kompetansepark tilbyr lyse, trivelege og moderne kontorlokale med ei praktisk og sentral plassering i Brattvåg. Her finn du eit spennande næringsmiljø der verksemder frå ulike bransjar er samla under same tak.
Vi har mange møterom og ein konferansesal med det meste av nødvendig teknisk utstyr. I tillegg tilbyr vi eigne parkeringsplassar for leigetakarane, fiberbasert breiband og gode fellesareal med mellom anna kaffibarar, kjøkken og fleire møteplassar.

Haram Kompetansepark omfattar kontorlokale over to etasjar med kapasitet til om lag 60 arbeidsplassar. I første etasje finn du òg eigne forretningslokale.
Dei fleste kontora er tilpassa éin til to personar. Vi har dessutan to kontorlandskap med plass til omlag fem til femten personar, samt eigne areal for arkiv og lager.

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om ledige lokale, fasilitetar og moglegheitene i næringsmiljøet vårt.

Haram Kompetansepark, Bjørn A. Skjelten, tel. 900 14 711, epost: bjorn@kompetanseparken.no

Kurs, konferansar, møte, selskap

Skal du arrangere kurs, konferansar, møte, selskap eller konfirmasjon?

Haram Kompetansepark tilbyr ein romsleg konferansesal som passar til ei rekkje ulike arrangement.

Konferansesalen er utstyrt med det du treng for eit vellukka arrangement, mellom anna projektor, hi-fi-anlegg, flyttbart whiteboard, trådlaust nettverk og talarstol. I tillegg har salen ei eiga kjøkkenavdeling med kaffibar, kjøleskap, mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin.

Det er plass til om lag 60 personar ved stoloppsett utan bord, eller om lag 35 personar ved bordoppsett.

Konferansesalen har eigen inngang, toalett og garderobe. Det er dessutan gode parkeringsmoglegheiter like ved.

Førespurnader og reservasjonar: post@kompetanseparken.no eller tel. 900 14 711.

Møterom for små og store møte

Haram Kompetansepark har fire møterom som kan nyttast av både verksemder i Kompetanseparken og eksterne bedrifter og privatpersonar.

To av møteromma har plass til 10–12 personar, medan dei to minste har plass til 6–8 personar.

Førespurnader og reservasjonar: post@kompetanseparken.no eller tel. 900 14 711.