Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

11. mai

Siste om Nordøyvegen / RoboTek med kurs og nettverkssamlig / Innovasjonscamp på Haramsøy (Haram Næring og innovasjonsforum)

Bompengesøknaden til Nordøyvegen vert tatt opp i Stortinget før sommaren. Med positivt vedtak er det full fart i arbeidet med bygging av Nordøyvegen. HNI arbeider med Nordøyportalen som skal vere ein møteplass for oppdragsgjevarar og lokale bedrifter. Målet er at så mange bedrifter som muleg får oppdrag under bygginga av Nordøyvegen

8. til 10. mai arrangerer RoboTek AS kurs for lærlingar i robotisering. Det er 7 lærlingar frå Ulmatec Pyro og Rolls Royce som deltar. Dette er viktig for at ungdom får kompetanse i framtidsretta produksjonsteknologi.

27. april var det nettverksamling for bedriftene i RoboTek AS. Dette var med Nogva Motorfabrikk AS som vertskap. Det er nyttig å møtast og verte oppdatert om det som skjer, og interessant å lære om Nogva Motorfabrikk AS.

4. til 7. april arrangerte vi innovasjonscamp på Haramsøy ungdomsskule, og denne veka er det innovasjonscamp på Brattvåg ungdomsskule. Takk til bedriftene som stiller med problemstillingar og mentorar.