Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

08. februar

Nytt frå ​Haram Næring og Innovasjonsforum

Haramskonferansen 2017 vert arrangert 14.02.2017. Det er god interesse for konferansen. Sjå www.hniforum.no 

Onsdag 01.03.2017 arrangerer HNI i samarbeid med Statens Vegvesen informasjonsmøte om Nordøyvegen kl 18.00 på ID-huset. Målet er å informere bedrifter om framdrifta og om aktuelle mulegheiter for oppdrag som kan kome. Sjå invitasjon på www.hniforum.no 

Sist veke fekk elevar ved HVS tilgang til å bruke roboten til RoboTek AS. Det gjekk svært bra, og som forventa var dei motivert og sette seg raskt inn i programmeringa. På Open dag torsdag 02.02.2017 viste dei besøkande korleis roboten fungerer. RoboTek AS og HVS har samarbeidsavtale om bruk av roboten.

Fredag 10.02.2017 arrangerer HNI saman med Haram kommune og «Region Ålesund» bedriftsbesøk for rådmenn og ordførarar i 7 kommunar på Nordre Sunnmøre. Region Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Haram, Giske, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund. Målet med samarbeidet er å oppnå eit enda betre samarbeid mellom kommunane, næringslivet, forsknings- og utdanningsinstitusjonane, frivillig sektor og andre for å skape ein region der folk ynskjer å bu. Besøk hos Valaker Bakeri & Konditori AS, Pharma Marine AS og Rolls Royce Marine AS i Brattvåg.

HNI har i samarbeid med vaksenopplæringa starta arbeidsretta norskopplæring for 10 reinhaldarar i Haram kommune. Kursleiar er Geir Breivik.