Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

24. november

Nordøyportalen / Medlemsmøte i ​Haram Næring og Innovasjonsforum / Teknologiseminar / Ocean Industry School / Haramskonferansen 2018

Nordøyportalen er no i drift, og både bedrifter og private kan registrere seg for å få oppdrag med Nordøyvegen. www.nordoyportalen.no

Måndag 30.10.17 arrangerte vi medlemsmøte med 20 deltakarar. Her vart Brattvåg Fjordhotell AS presentert og Arild Eiken heldt innlegg om korleis bedrifter må tenkje for å kome godt ut når dei søkjer finansiering. Vi presenterte Nordøyportalen.

RoboTek arrangerte 14.11.17 teknologiseminar i samarbeid med HNI på Ingebrigt Davikhuset. 90 deltakarar fekk påfyll og nye tankar i tillegg til å vere på ein verdifull møteplass. Sjå www.robotek.no

Ocean Industry School er eit tiltak for å få til samarbeid mellom vidaregåande skular og bedrifter om elevane si læring. Målet er å skape interesse for maritim næring. HNI er med på dette saman med Haram vidaregåande skule. Ocean Industry School hadde samling på NTNU 09.11.2017.

Sett av datoen 20.02.2018 Haramskonferansen for neste år. Meir informasjon kjem på www.hniforum.no.

Gjennom Hoppid.no var vi med og arrangerte Innovasjonsfestivalen 2017 på Åndalsnes https://innovasjonsfestivalen

Haram Næring og Innovasjonsforum