Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

12. desember

Nytt fra ​Haram Næring og Innovasjonsforum

Haramskonferansen 2017 vert arrangert 14.02.2017. Programmet er snart ferdig, og det vil kome informasjon om innhaldet i løpet av veka.

Nordøyvegen skal opp i fylkestinget 12.12.2016, og det er mykje som tyder på at den vert vedtatt bygd. Dette til stor glede for Haram og regionen.

Denne veka (veke 50) vert det arrangert Innovation Camp på Vatne ungdomsskule. HNI er ei av bedriftene som leverer oppdrag til elevane. Presentasjon av resultat er på fredag 16.12.16.

Haram kommune v/ HNI har signert ny treårsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune og hoppid.no. Dermed held vi fram med rettleiingsarbeidet til gründerar i kommunen. 

Arbeidsretta språkopplæring. 01.12.2016 avslutta 12 industrirørleggjarar i VARD Piping AS kurs i arbeidsretta språkopplæring med å ta femtimars eksamen i faget sitt på norsk.