Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

03. februar

​Har du ein god idè? Treng du finansiering?

Hoppid.no

Har du ein god idè? Har du starta for deg sjølv og treng hjelp til å kome deg vidare? Hoppid.no gir gratis råd og veiledning, tilbod om kurs og opplæring og hjelper deg å vurdere idear og til å kartlegge kva du treng for å realisere draumen din. Ta kontakt med næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Haram næringsfond

Har du ein ny idè men treng hjelp til finansiering, så kan Haram næringsfond vere noko for deg. Haram næringsfond er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Haram kommune. Fondet kan òg nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Ta kontakt med næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme i Haram Næring og Innovasjonsforum for meir informasjon.