Nytt 2019

Nytt 2018

Nytt 2017

Nytt 2016

Nytt 2015

Nytt 2014

Nytt 2013

09. desember

​Forum for kreative næringar i Haram

Haram Næring og Innovasjonsforum inviterte personar som driv innanfor kreative næringar til samling på Brattvåg Hotell måndag 23.11.15 kl 19.00. Det møtte fram 12 personar som utveksla erfaringar og vart kjend med kvarandre og kvarandre sitt arbeid. I denne bransjen er ein ofte åleine, og forumet er tenkt som ein uformell møteplass der ein kan dele erfaringar, få inspirasjon og lære meir om korleis ein kan utvikle forretning. Møtet var etter initiativ frå teaterpedagog Olla Rypdal og næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme.